Skip to content

Child and Youth Worker at Dale School

Summary

Temporary position as a child and youth worker at Dale School, from 04.01.2027 to 18.06.2027, attached to the primary school level and after-school program. The role involves supporting students in learning, play, and social development, and contributing to a safe and inclusive environment.

Key facts

Status
Available
Location
Dale skule
Contract
Full-time
Contract duration
6 months
Work arrangement
On-site
Start date
4 January 2027
Education
Apprenticeship / vocational training
Apply by
2026-12-01
Benefits
  • Good pension and insurance schemes
  • Individual follow-up
  • Good opportunities for support for education
Pay (estimated, unofficial)
~kr 577k–674k/yrRough guide for a full-time post; the employer named no amount How is this calculated?

Full description

Leiken, trygg og til stades- er dette deg?

Barne- og ungdomsarbeidar ved Dale skule

Vil du jobba hos oss på Dale skule?

Det er ledig inntil 100 % vikariat for barne- og ungdomsarbeidar ved Dale skule, frå 04.01.2027 til 18.06.2027.

Stillinga er knytt til barnesteget ved skulen og SFO.

Dale skule er ein 1-10 skule, med 215 elevar. Elevane på barnesteget er frå Dale og Bergsdalen. Elevane på ungdomssteget kjem frå skulane på Vaksdal, Stanghelle, Stamnes og Dale.

Vi er særleg interesserte i tilsette som ønsker å bidra til å utvikle SFO som arenaer for barna si utvikling, og som bygger praksisen sin på grunnleggande verdiar i grunnskulen.

Kvalifikasjonar

  • Godkjend utdanning som barne- og ungdomsarbeidar
  • Søkarar med anna relevant kompetanse/erfaring kan ved behov bli vurdert
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
  • Godkjend politiattest må leggast fram før tilsetting. Arbeidsoppgåver
  • Støtte elevar i læring, leik og sosial utvikling gjennom skuledagen og på SFO
  • Bidra til eit trygt, inkluderande og godt lærings- og oppvekstmiljø
  • Følge opp elevar med behov for ekstra støtte, i samarbeid med andre tilsette
  • Opne og stenge SFO etter gjeldande rutinar
  • Ta initiativ til og gjennomføre varierte aktivitetar både ute og inne
  • Følge opp barna og bidra til gode rutinar gjennom SFO-dagen
  • Utføre avtalte oppgåver på ein sjølvstendig og ansvarleg måte Personlege eigenskapar
  • Du er ein stabil, påliteleg, open og ærleg person
  • Du liker å vere i aktivitet saman med barn
  • Du trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Du er ein trygg, raus og tydeleg vaksenperson i møte med barna
  • Du er sjølvstendig i tilrettelegginga for enkeltelevar som treng deg for å gjere seg nytte av opplæringa
  • Du er på skulen for barna si skuld, men òg er god til å samarbeide med kollegaer
  • Du er strukturert og interessert i å bidra til eit godt arbeidsmiljø.
  • Du kan vise til erfaringar der du fremjar samarbeid og utøver positiv kollegastøtte
  • Søkjar må gjennom kunnskap, erfaring og personlege eigenskapar kunne samarbeide med og skapa tillit og dialog med personale, barn og foreldre. Vi oppmodar menn til å søka. Vaksdal kommune tilbyr
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Individuell oppfølging
  • Gode moglegheitar for støtte til utdanning
  • Løn i tråd med tariffavtale og kompetansetillegg Om oss

Vaksdal kommune er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Kommunen ligg sentralt mellom Voss og Bergen, og det er enkelt å reise hit med tog eller bil.

Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt arbeidsmiljø med mange gode kollegaer. Vi arbeider aktivt med innovasjon og digitalisering, og du får store moglegheiter til å påverke di eiga arbeidskvardag.

Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn og funksjonsevne.

Før tilsetting må gyldig politiattest jfr. §17-11 i opplæringslova fremlegges. Prøvetid er 6 mnd. og for øvrig skjer ansettelsen på de vilkår og med de plikter som følger av lov, tariffavtaler og reglementer.

Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på den offentlege søkarlista, må du grunngi dette. Vi kontaktar deg dersom vi ikkje kan ta ønsket ditt til følge.

Spørsmål om stillinga

Malin Sæterdal

Rektor Dale skule

+4798077773 malin.seterdal@vaksdal.kommune.no

Søknadsfrist

1. desember 2026

Arbeidsgivar

Vaksdal kommune

Kommune

Omfang

Heiltid (1 stillingar) Heiltid (%)

Varigheit

Vikariat/mellombels

Arbeidsstad

Lastar...

Apply on the company site