Skjåk kommune
- Kontakt oss
- Om kommunen
Søk
Meny
Hei! Kva ser du etter?
- Meld feil
- Søknadsskjemaer
- Ledige stillinger
Våre tjenester
- Barnehage og skule
- Helse og meistring
- Næring, miljø og klima
- Kultur, idrett og fritid
- Plan, bygg og eigedom
- Veg, vatn og avløp
- Folk og samfunn
- Økonomi, gebyr og skatt
- Beredskap
- Politikk
- Aktuelt
- Kontakt oss
- Om kommunen
- Jobb i kommunen
Du er her
- Framside
- Om kommunen
- Jobbe i Skjåk kommune
- Ledige stillingar
- Avdelingsleiar ved Skjåkheimen sjukeheim – vikariat
Avdelingsleiar ved Skjåkheimen sjukeheim – vikariat
Vil du bidra til å utvikle gode omsorgstenester og eit godt arbeidsmiljø ved Skjåkheimen sjukeheim? Skjåk kommune søkjer ein engasjert og tydeleg avdelingsleiar til eit 100 % vikariat med snarleg oppstart og varigheit til 21. november 2027.
Om stillinga
Vi søkjer ein leiar som ønskjer å bidra til gode tenester for bebuarane og eit inkluderande og utviklande arbeidsmiljø for medarbeidarane.
Skjåkheimen er ein sjukeheim med 24 plassar fordelt på korttids-, rehabiliterings- og langtidsplassar. Vi legg stor vekt på kvalitet, fagutvikling og gode pasientforløp. Sjukeheimen har høg fagleg kompetanse og arbeider målretta for å utføre flest mogleg prosedyrar og oppgåver lokalt. Det er tett samarbeid mellom sjukeheim, heimeteneste og legeteneste.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg leiing av avdelinga med ansvar for fag, kvalitet, drift og personal.
- Bidra til utvikling av framtidsretta og berekraftige helse- og omsorgstenester.
- Oppfølging av medarbeidarar, arbeidsmiljø og kompetanseutvikling.
- Medverke i økonomi- og budsjettarbeidet innan eige ansvarsområde.
- Sikre forsvarleg drift i tråd med gjeldande lover, forskrifter og kommunen sine mål.
- Samarbeid med brukarar, pårørande, tillitsvalde og verneteneste.
- Delta aktivt i tenesteområdet sitt leiarteam.
Kvalifikasjonar
- Ynskjeleg med autorisasjon som sjukepleiar, men andre helsefaglese utdanningar kan bli vurdert.
- Leiarerfaring er ønskeleg.
- Erfaring frå helse- og omsorgstenester.
- God forståing for økonomi, drift og organisasjonsutvikling.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Gode digitale ferdigheiter.
Det er krav om politiattest i stillinga.
Vi vektlegg at du
- er ein tydeleg og inkluderande leiar
- har evne til å motivere og utvikle medarbeidarar
- er strukturert, målretta og løysingsorientert
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- bidreg til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø
- har høg arbeidskapasitet og god gjennomføringsevne
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
Spørsmål om stillinga kan rettast til konstituert kommunalsjef helse og meistring Ingvild Mork, telefon 48997924
- Søknadsfrist: 29.11.2026
Skjåk kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Elektronisk søknadsskjema
Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dersom du ønskjer unntak frå offentlegheit, må dette grunngjevast særskilt.
Ynskjer du å bu og jobbe i ei fjellbygd med gode arbeidsplassar og fritidsmoglegheiter? Nå kan du prøvebu i Skjåk.
Prøvebu i Skjåk!
Skjåk kommune er ei av kommunane som er omfatta av ordninga der ein kan søkje om å få sletta delar av studielån.
Lånekassen
Publisert 11.11.2026 17:42
Har du spørsmål?
Ingvild Mork
Konstituert kommunalsjef
E-post Send e-post til Ingvild Mork
Telefon +47 48 99 79 24
- Kontakt oss
- Om kommunen
- Meld feil på heimesida
- Tilgjengelegheit
- Personvern
- For tilsette