Verksbetjent-Kokk ved Bergen fengsel
Har du eit hjarte for både mat og mennesker?
Om stillinga
Vi ser etter deg som er trygg i kokkefaget, og som trivst med å dele kunnskapen din med andre, samstundes som du møter mennesker med godt humør, respekt og tolmod.
Som kokk i Bergen fengsel er dei innsette ein del av produksjonsteamet saman med deg som faglært kokk. Du må like å syne og lære opp innsette i det daglege arbeidet. Dette gjer ei moglegheit til å kombinere kokkefaget med miljøarbeid, relasjonsbygging og praktisk rettleiing. Stillinga inneber òg tverrfagleg samarbeid med skulen og oppfølging av lærlingar.
Du medverkar til å planleggje, organisere og gjennomføre produksjon i eit hektisk miljø.
Du må kunne ta sjøvstendige avgjerder, ha evne til tryggingstenking, grensesetjing og konflikthandtering, i tillegg til å vere en god samtalepartnar og rettleiar.
Nykkelord for stillinga
- Mattryggleik
- Produksjon
- Smaksfull og næringsrik mat
Arbeidsoppgåver
- bidra til å nå produksjonsmåla for avdelinga saman med innsette og tilsette
- delta aktivt i matproduksjon saman med dei innsette
- kvalitet- og mattryggleik (IK-mat)
- opplering/oppfølging av innsette, lærlingar, samt tverrfagleg samarbeid med Åsane Vgs på det som krevjast innan RM-fag.
- innkjøp
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.
Matlaging Utdanning og erfaring
Du må ha
- relevant fagbrev som kokk og relevant erfaring
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne (norsk- B2)
- god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
- førarkort klasse B
Det er ønskjeleg at du har
- erfaring med opplæring av lærlinger
- beherska engelsk munnleg
Den som blir tilsett, må vere villig til å gjennomføre kriminalomsorga si utdanning som verksbetjent.
Personlege eigenskapar
- Lagspelar som set samarbeid høgt
- Tydeleg og god til å kommunisere
- Tålmodig og stødig i møte med ulike menneske
- Ansvarleg og påliteleg
- Positiv og engasjert
Personlege eingenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- treningsrom, bedriftsidrettslag, gratis parkering og kantine
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
- Arbeidstid 07:30-15:00. Det må påreknast endringa i arbeidstida.
- Stillinga blir løna som 0275 Verksbetjent fra kr 515 000 - 665 000 pr. år, avhengig av ansiennitet/kvalifikasjonar.
Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her: herhttps://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling
Om kriminalomsorga
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.
Les meir om verksemdsstrategien vår her. http://www.kriminalomsorgen.no/virksomhetsstrategi.549866.no.html