Forsking har som mål å få fram ny og nyttig kunnskap som skal styrke tilbodet vi gir våre pasientar, og er ei av hovudoppgåvene til spesialisthelsetenesta.
Kliniske behandlingsstudiar gir pasientar tilgang til ny og utprøvande behandling, som elles ikkje er tilgjengeleg. Dette er eit satsningsområde både nasjonalt, regionalt og i Helse Fonna. Vi har eit særskilt fokus på å auke talet på kliniske behandlingsstudiar og talet på pasientar som deltek i studiar.
I kliniske behandlingsstudiar får pasientar tilgang til utprøvande behandling som har til hensikt å førebygge, diagnostisere, behandle eller lindre sjukdom.
Helse Fonna arbeider i team rundt kliniske behandlingsstudiar og studiesjukepleiarane har ei svært viktig rolle i teama. Vi søkjer nå etter ein studiesjukepleiar som kan bidra inn i team i ulike fagområder. Det vil være mogleg å utvide stillingsstorleiken ut frå behov og arbeidsmengde.