Professor eller førsteamanuensis (50 %) i medisin (anestesiologi) ved Klinisk institutt 1
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Professor eller førsteamanuensis (50 %) i medisin (anestesiologi) ved Klinisk institutt 1
Ved Det medisinske fakultet er det ledig ei fast stilling (50 %) som professor eller førsteamanuensis i medisin (anestesiologi) ved Klinisk institutt 1. Søkjarar må ha fast tilsetjing som overlækjar i Helse Bergen.
Vi søkjer ein medarbeidar som saman med tilsette ved instituttet vil bidra til framifrå forsking og undervisning. Fageining for anestesiologi har forskarar og undervisarar innan perioperativ medisin, intensivmedisin, akuttmedisin og palliasjon, med tilsette både i Bergen, Stavanger, Haugesund og Førde.
Forskinga spenner frå prehospital akuttmedisin, fjellmedisin og hjarte-lunge-redning til intensivmedisin, brannskadar, perioperativ medisin, palliativ medisin, klinisk etikk og registerstudiar Fagmiljøet deltek i nasjonale og internasjonale fleirsenterstudiar.
Fagmiljøet rettleier ph.d. kandidatar, forskarlinjestudentar og hovudoppgåvestudentar. Fageininga underviser i anestesiologi, intensiv- og akuttmedisin, traumatologi og palliativ medisin på profesjonsstudiet i medisin.
Personen vi søkjer er i ein aktiv fase av karrieren, og har fagleg tyngde innafor eit av forskingsfelta innan spesialiteten anestesiologi.
Arbeidsoppgåver/forskingsområde
Den som vert tilsett må være spesialist i anestesiologi og skal leie Fageining for anestesiologi. Den tilsette skal initiere forskingsprosjekt, undervise og rettleie studentar og stipendiatar, samt ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer.
Det vert forventa at den tilsette regelmessig sender søknadar til relevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering.
Følsomhet Intern (gul) Undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til anestesiologi, men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har.
Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til forsking og undervisning, samt aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Kvalifiserte søkjarar er lækjar, spesialist i anestesiologi og har norsk doktorgrad i eit relevant fagfelt eller tilsvarande kompetanse, og fyller krav til utdanningsfagleg kompetanse.
Den ideelle kandidaten publiserer på høgt internasjonalt nivå, kan vise til søknader og tilslag frå nasjonale og internasjonale finansieringskjelder for forsking og utdanningsarbeid, og har etablert, eller er i ferd med å etablere, eiga forskingsgruppe.
Resultat oppnådd dei siste 5-7 år vil bli særleg vektlagt ved bedømminga. Den ideelle kandidaten har også erfaring med undervisning på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanningar, og frå rettleiing av ph.d.-kandidatar.
Erfaring frå ulike nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar, og evne til å etablere internasjonale nettverk vil telje positivt ved bedømminga. Det same gjer også erfaring av og interesse for innovasjon. Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.
Det er eit krav for både førsteamanuensis- og professorstilling at utdanningsfagleg kompetanse vert fullført seinast to år etter tilsetjing, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring. Universitetet tilbyr opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.
Undervisningsspråket er i hovudsak norsk, og det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjinga. UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast.
Vi tilbyr
- Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
- Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
- Professor:
Løn er for tida kr 1 015 000 (kode 1013), eller løn for spesialist kr 1 035 000. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- Førsteamanuensis:
Løn er for tida kr 800 000 – 820 000 (kode 1011), eller løn for spesialist kr 820 000 – 850 000. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde
- Søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga
- Utfyllande CV samt relevante vitnemål og attestar
- Plan for eiga forsking dei neste fem åra (maks 5 A4-sider)
- Fullstendig publikasjonsliste
- Pedagogisk mappe
- Ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 10 for førsteamanuensis, høgst 15 for professor). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet
- Dei vitskaplege arbeida frå punktet over i pdf-format
- Namn og kontaktinformasjon til minst to referansar
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: kontakte instituttleder Rune Bjørneklett (tlf.: 92038997) eller professor Anne Berit Guttormsen (tlf.: 95890534). For HR-relevante spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Iris Walle ( iris.walle@uib.no, tlf.: 55 58 64 69)
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Collage Banner HR EXCELLENCE IN RESEARCH UiB - Collage - Generell Om Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.