Haukeland universitetssjukehus har ledig stilling som overlege i hud- og veneriske sjukdommar. Tenestestad er både Hudavdelinga på Haukelandsområdet og poliklinikken ved Helsehuset på Knarvik ut frå avdelinga sine behov.
Hudavdelinga driv dagpost og poliklinikk, inkludert poliklinikk for seksuelt overførte infeksjonar, og ein satelittpoliklinikk i Knarvik (Nordhordland). Sengeposten har 15 plassar delt med Revmatologisk avdeling.
Avdelinga er regionavdeling for hudsjukdommar og universitetsklinikk i Helse Vest, og den einaste med døgnsenger. Avdelinga dekker heile spekteret av akutt og kronisk hud- og venerisk sjukdom, og er leiande innan fagområde når det gjeld pasientbehandling, grunn- og spesialistutdanning, samt forsking.
Hudkreft og inflammatorisk hudsjukdom, særleg psoriasis, er hovudtema i forskinga. Vi arbeider aktivt med forbetring av pasientforløp og har brukarmedverknad som særleg fokus.
Avdelinga har eit breitt klinisk tilbod innan dermatologi og venerologi, mellom anna med høg aktivitet innan diagnostikk og behandling av hudkreft, inkludert oppfølging av pasientar i risikogrupper. Vi har eit aktivt tverrfagleg samarbeid og arbeider kontinuerleg med å utvikle pasientforløp, forsking og undervisning.
Vi ønsker å rekruttere ein kollega som vil vere med på å styrke og vidareutvikle feltet i åra som kjem.