Skip to content

Summary

Valen sjukehus is seeking a consultant physician in psychiatry for a strong professional environment with varied clinical challenges and opportunities for professional development and research.

Key facts

Status
Available· 23 hours ago
Location
Valen
Work arrangement
On-site
Start date
Immediately
Level
Senior
Education
Master's
Benefits
  • employer pension
  • flexible working hours

Full description

Overlege i psykiatri søkjast til Valen sjukehus

Valen sjukehus er ein tradisjonsrik institusjon med røter heilt tilbake til 1910. Gjennom meir enn hundre år har sjukehuset vore kjenneteikna av ein humanistisk tilnærming til behandling og evna til å ta i bruk nye og innovative behandlingsformer.

Er du ein overlege som ønskjer å arbeide i eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse, varierte kliniske utfordringar og gode moglegheiter for fagutvikling og forsking? Då kan Valen sjukehus vere arbeidsplassen for deg.

Hos oss blir du ein del av eit tverrfagleg miljø med brei kompetanse innan psykisk helsevern. Sjukehuset omfattar akuttpost, psykosepost, sikkerheitspost, sikkerheits-/rehabiliteringspost, FACT sikkerheitsteam og poliklinikk.

Du vil samarbeide tett med erfarne overlegar, psykologspesialistar, LIS-legar, sosionomar, psykiatriske sjukepleiarar, aktivitørar og engasjert miljøpersonell. Ved Valen sjukehus kombinerer vi sterke faglege tradisjonar med utvikling, nytenking og eit inkluderande arbeidsmiljø.

Vi ser etter deg som ønskjer å bidra til best mogleg behandling for pasientane våre og samtidig vere med på å vidareutvikle tenestene for framtida.

Høyrest dette interessant ut? Då ser vi fram til søknaden din.