Overingeniør (mellombels stilling) – MAREANO djuphavsfauna
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Om stillinga
Ved Avdeling for naturhistorie, Universitetsmuseet i Bergen, er det ledig ei mellombels 100 % stilling som overingeniør i seks månader, med moglegheit for forlenging avhengig av finansiering. Stillinga er finansiert gjennom MAREANO-programmet og knytt til arbeid med djuphavsfauna i norske havområde.
Tiltreding er 1. februar 2027. Den som vert tilsett vil arbeide med opparbeiding og analyse av marine botnprøver frå djuphavet, artsidentifisering av marine virvellause dyr, kuratering av vitskaplege samlingar og utvikling av DNA-basert dokumentasjon av artsmangfald. Arbeidet omfattar og rettleiing, kvalitetssikring og kompetanseoverføring innan marin faunistikk.
Arbeidsoppgåver
Det overordna målet med prosjektet er å dokumentere og styrkje kunnskapen om artsmangfaldet hos botnlevande organismar i norske djuphavsområde.
Den som blir tilsett, skal bidra med
- Sortering, opparbeiding og artsidentifisering av marine botnprøver frå djuphavet
- Kuratering og vedlikehald av vitskaplege samlingar av marine virvellause dyr
- Vevsprøvetaking og oppbygging av DNA-referansebibliotek for genetiske analysar
- Redigering og kvalitetssikring av DNA-sekvensar
- Avbilding av utvalde eksemplar ved hjelp av stacking-stereomikroskopi og etterfølgjande bilethandsaming
- Planlegging og gjennomføring av workshopar og kurs innan artsidentifisering og marin faunistikk for studentar og prosjektmedarbeidarar
- Kvalitetssikring av artsbestemmingar, prøvemateriale og datasett
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- Mastergrad i marinbiologi, marin zoologi eller tilsvarande relevant fagområde
- Gode samarbeidsevner og trivst med å dele kunnskap og rettleie andre
- Brei faunistisk kompetanse innan identifisering av marine virvellause dyr, særleg botnlevande djuphavsorganismar
- Erfaring med kuratering av museumssamlingar og registrering av materiale i samlingsdatabasar
- Erfaring med produksjon, handsaming og redigering av DNA-sekvensdata
- God kompetanse i bruk av fotoutstyr, inkludert stacking-teknikkar, og relevant programvare for biletbehandling
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Det er ein fordel om søkjaren har
- Erfaring frå undervisning, kursverksemd eller rettleiing
- Erfaring med bioinformatiske analysar og handtering av genetiske datasett
- Erfaring frå arbeid med MAREANO-materiale eller andre marine kartleggingsprogram
- Erfaring med innsending og handtering av data i BOLD, GenBank eller tilsvarande databasar
Vi tilbyr
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø, moderne laboratorium med varierte forskingsaktivitetar og omfattande vitskaplege samlingar
- Løn som overingeniør (kode 1087) I årsløn kr 642 000 - 665 000 brutto, avhengig av kvalifikasjonar
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
- Ei stilling i ei inkluderande verksemd (IA-verksemd)
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: professor Nataliya Budaeva, Universitetsmuseet i Bergen, e-post: Nataliya.
Budaeva@uib.no, mobiltelefon +47 40161824, eller instituttleiar Jenny Smedmark, Universitetsmuseet i Bergen, e-post: jenny.smedmark@uib.no, mobiltelefon: +47 407 26 194.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Collage Om Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.