Skip to content
HELSE FONNA HF logo

Opportunities for nursing students - Helse Fonna HF

HELSE FONNA HF · Healthcare

Summary

Helse Fonna HF offers scholarship positions for nursing students. Students receive salary for weekend and holiday work, professional development, and a scholarship of NOK 20,000 or NOK 30,000 depending on the study year.

Key facts

Status
Available
Location
Haugesund
Contract
Internship
Work arrangement
On-site
Level
Entry
Education
Apprenticeship / vocational training
Start date
Immediate
Benefits
scholarship · salary · professional development

Full description

Stipendstilling for sjukepleiarstudentar

Hos oss får du lære mykje om sjukepleie i eit godt miljø med kjekke kollegaer. Når du går sjukepleien kan du søke om helge- og feriestilling ved eitt av våre sjukehus. Du får både løn, fagleg utvikling og stipend. Få erfaring, lønn og stipend hos oss.

Det er svært lærerikt å jobbe i sjukehus under studiet, og du tar med deg ei erfaring du ikkje finn andre stader. Hos oss får du også bruke kunnskapen saman med erfarne kollegaer og bli kjend med pasientar, arbeidsoppgåver og fagmiljøet du ein dag kan bli ein del av.

Du kan søkje stipendstilling i Helse Fonna frå første studieår. Du får lønn for arbeidet ditt og eit stipend på 20 000 kroner på første og andre studieår, eller 30 000 kroner på tredje studieår. Du arbeider ti helger og fem veker om sommaren. To av helgene er i løpet av sommarvekene.

Vi planlegg turnusen saman med deg og prøver å tilpasse han til studiekvardagen din. Stipendet blir utbetalt i månadlege rater.

Slik erfaring kan også vere ein fordel når du søkjer stipendstilling. Du er likevel velkommen til å søkje stipend hos oss no. Fortel oss kva du har gjort så langt, kva du har lyst til å lære, og kvar du helst vil jobbe.

Finn ein stad som passar for deg. Vi har stipendstillingar i Haugesund, på Stord og i Odda, og ved Valen. I søknaden kan du skrive kva arbeidsstad og avdeling du helst ønskjer deg, og kva praksis du har hatt gjennom studiet. Søk på utlysinga som gjeld ditt studieår og arbeidsstaden du ønskjer. Du finn lenkjene under.

Søk på utlysinga for 3. årsstudentar Odda, Valen, Stord, Haugesund. 2. årsstudentar Odda, Valen, Stord, Haugesund. 1. årsstudentar Odda, Valen, Stord, Haugesund.

  • Stipendstilling: Du bind deg til å arbeide eit bestemt tal helger i løpet av eitt år, i tillegg til fem veker om sommaren året etter at avtalen er inngått. Du får utbetalt eit fast stipendbeløp kvar månad. I tillegg får du ein arbeidsavtale i ei prosentstilling, berekna ut frå talet på helger du arbeider. Gjennom stillinga opparbeider du deg ansiennitet, noko som gjer at du seinare vil stige raskare i lønn.

Moglegheiter for sjukepleiarstudentar - Helse Fonna HF