Skal du skrive masteroppgåve i rettsvitskap våren 2027? Då kan du søkje om å få masterstipend frå Nasjonalt klageorgan for helsetenesta.
Kvart semester deler vi ut eit stipend til ein student som skal skrive masteroppgåve om eit av rettsområda våre. Stipendet er på 15 000 kroner. Vi utbetalar 10 000 kroner når søknaden er innvilga. Dei resterande 5 000 kronene blir utbetalt når oppgåva er fullført innan rimeleg tid og får karakteren B eller betre.
I søknaden må du skrive kva problemstillinga er. Du må òg leggje ved karakterutskrift frå universitetet.
Søknadsfristen er 30. november.
Vi publiserer informasjon om kven som mottek stipendet på nettsida vår etter tildelinga. Vi ynskjer at stipendmottakaren presenterer masteroppgåva til oss etter at ho er ferdig. Det kan òg bli aktuelt å publisere oppgåva på nettsida vår.
Du finn meir informasjon om masterstipendet og forslag til aktuelle problemstillingar på helseklage.no.