Skip to content

Doctoral position - specialization

Summary

Specialization positions for doctors in training (LIS) are announced for a period of two years. The positions will be split 50/50 between research and routine work within one of the six laboratory subjects.

Key facts

Status
Available· 4 days ago
Location
Bergen
Contract duration
24 months
Work arrangement
On-site
Start date
By arrangement
Level
Junior
Education
Master's

Full description

Laboratorieklinikken i Helse Bergen er ein av dei største leverandørane av laboratorietenester i landet.

Laboratorieklinikken har over 900 tilsette og er fordelt på åtte einingar: Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi, Avdeling for patologi, Mikrobiologisk avdeling, Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin, Avdeling for medisinsk genetikk, Kreftgenomikk, Biobank Haukeland og Seksjon for bioinformatikk.

Laboratorieklinikken har stor forskingsaktivitet og godt samarbeid med andre sjukehus og universitet.

Det lysast ut fordjupingsstillingar for LIS for ein periode på to år.

Stillingane vil vere delt 50/50 mellom forsking og rutinearbeid innan eit av dei 6 laboratoriefaga (patologi, immunologi og transfusjonsmedisin, medisinsk mikrobiologi, medisinsk genetikk, klinisk farmakologi og medisinsk biokjemi). Både interne og eksterne kandidatar er velkommen til å søke stillingane.

For eksterne søkarar blir kandidaten oppfordra til på førehand å ta kontakt med avdelingssjef ved aktuell avdeling der ein ønsker spesialistutdanning for å diskutere aktuelle forskingsprosjekt. For interne søkarar ber vi om at søknad om fordjupingsstilling for LIS forankrast med avdelingssjef.