Jobbkonsulent TA
Har du ein yrkesbakgrunn som du tenkjer kan være relevant og eit sterkt ynskje om å bidra til at personar finn sin plass i arbeidslivet?
Vi ser etter deg som
- Er trygg på deg sjølv og likar å vere med å bygge relasjonar
- Likar å utfordre, bidra til løysingar og ha forventningar til andre og deg sjølv
- Likar å vere ilag med og rundt alle typar folk
- Meistrar å ha mange ballar i lufta, samstundes som du har eit klart kunde- og resultatfokus
- Er god både på munnleg og skriftleg framstilling
- Er positivt opptatt av å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Kjenner godt til arbeidslivet i 7-stjerna - kommunene vi jobbar i
Arbeidsoppgåver
- Følge opp arbeidstakarar som har sin arbeidsstad i Furene, TA-tilsette, (personar som har behov for tilrettelagt arbeid) i Furene og dei som i tiltak ute hjå andre arbeidsgjevarar
- Kontakt og oppfølging av arbeidsgjevarar i samband med praksisplassar, arbeidsutprøving og arbeidsformidling.
- Karriererettleiing og oppfølging av personar som treng utvida bistand for å skaffe eller behalde arbeid
- Samarbeid med NAV m.fl
- Skriftleg rapportering etter gjeldande krav
- Undervisning i mindre grupper
- Samarbeid med lokalt næringsliv om framtidas kompetanse og opplæringsbehov og vegen fram til formell komptetanse
Kompetansekrav
- Bachelor, fagbrev eller tilsvarande - fagområder kan til dømes vere marknad og sal, HR, helse og sosialfag, pedagogikk
- Gode digitale ferdigheiter og evne til å ta i bruk nye digitale verkty og system
- Førarkort kl B
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt
Vi kan tilby
- Spanande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit kreativt og skapande miljø både i Furene og gjennom vårt medlemsskap i Kopano
- Godt arbeidsmiljø og dyktige medarbeidarar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Opplæring i relevante verkty
- Aktivt trivselslag
Det er krav til bruk av eigen bil i arbeidet.
Politiattest vil bli kravd ved tilsetjing.
Spørsmål til stillinga kan rettast til Furene AS ved personalleiar Gro-Lise M. Rise på telefonnr. 97487094
- Registrer søknad på: Ledige stillingar Furene AS
Søknadar vert behandla fortløpande
Søknadsfrist snarast
Kontaktperson for stillingen
Gro-Lise M. Rise
HR - personalleiar
97487094 gro-lise.rise@furene.no
Om bedriften
Furene AS er ei av landets omlag 115 arbeids- og inkluderingsbedrifter med hovudkontor i Furene Industriområde i Volda, og avdelingar i Ørsta, Dragsund, Fiskå og Ulsteinvik.
I Furene AS set vi den einskilde person sin ståstad og kompetanse i sentrum. Vi søkjer å styrkje den einskilde si deltaking i arbeidslivet gjennom avklaring, kvalifisering, rehabilitering og ikkje minst motivasjon til å tru på eigne ferdigheiter. Slik skaffar vi næringslivet kompetent arbeidskraft.
Dette vert gjennomført ved at deltakarane får prøve seg i ulike arbeidssituasjonar både i våre lokaler eller ute hos eksterne samarbeidspartnarar. Gjennom arbeidspraksis får deltakarane trening i ulike jobbsituasjonar med rettleiing, tilrettelegging og rådgjeving under heile prosessen.
Furene AS har eit omfattande samarbeid med næringslivet på Søre Sunnmøre som eit ledd i attføringsarbeidet. Vi er også leverandør av varer og tenester til fleire store bedrifter på Søre Sunnmøre.