Helse Fonna søkjer dyktige LIS1-vikarar til sjukehusa i Haugesund, Stord og Odda i ferieperioden 2027 (veke 25–33).
I søknaden ber vi deg opplyse om kva sjukehus du ønskjer å prioritere. Du kan også oppgi kva klinikk og/eller avdeling du helst vil arbeide ved. Dersom du ikkje har høve til å arbeide heile perioden, ber vi deg oppgi kva tidsrom du kan arbeide. Vi vil prioritere søkjarar som kan arbeide i minst seks veker.
Velkomen som søkjar!