Fast 100 % stilling for lege – Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter
Vil du bruke kompetansen din til å gjere ein forskjell – og samtidig leve tett på naturen? Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter søker ein engasjert lege som vil vere med på å gjere ein reell forskjell – i eit fagmiljø der vi ser mennesket bak diagnosen, og der ressursar og meistring står i sentrum.
- Søknadsfrist: 22.10.2026
- Oppstart: 1. mars 2027 eller etter avtale
- Kontaktperson: Klinikkleiar Marte Ulltang, tlf. 995 07 591
- Søknad sendast til: [email protected]
Vi tilbyr
- Familievennleg dagstilling, utan vakter eller helgearbeid
- God fleksibilitet i arbeidskvardagen
- Eit sterkt fagmiljø med tett tverrfagleg samarbeid
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling: kurs, vidareutdanning, hospitering og forsking
- Konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar
- Hjelp til bustad og gode velferdstilbod
Stillingens arbeidsoppgåver
- Klinisk arbeid og tverrfagleg samarbeid
- Medisinske vurderingar og journalføring
- Undervisning og rettleiing
- Moglegheit for forsking og utviklingsarbeid
- Aktiv deltaking i innandørs og utandørs aktivitetar.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Legar i spesialisering (LIS) og kandidatar med relevant erfaring vil også bli vurderte
- Interesse for rehabilitering og tverrfagleg arbeid
- Gode norskferdigheiter (minimum C1)
- God IKT-kompetanse
- Krav om politiattest
Stillingens lokasjon er i Norge (Haugland, Flekke).